Ove Christian Dahl () var ein norsk botanikar.
Liv mini|Frå ein botanisk ekspedisjon på 1800-talet. Frå venstre: Asta Lundell, Ove Dahl, Axel Blytt og Thekla Resvoll.
Dahl tok latinartium i Trondheim og embetseksamen i filologi (oldnorsk) i Kristiania. Ved universitetet følgde han òg førelesningane til botanikkprofessor Axel Blytt. Etter eit år som lærar i Hønefoss tok Dahl til å arbeide meir med botanikk, og etter nokre år ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, vendte han tilbake til Kristiania og blei i 1893 assistenten til Axel Blytt.
I 1896 blei Dahl konservator ved Botanisk museum i Kristiania. Her blei han verande til 1922, då han trekte seg tilbake på grunn av psykiske problem. Dei tragiske siste atten åra av livet sitt budde han på Gaustad asyl.
Virke Axel Blytt arbeidde med Haandbog i Norges flora då han døydde, og dette verket redigerte og utgav Dahl i 1906.
Dahl reiste mykje på botaniseringsturar i Noreg og gav ut fleire plantegeografiske arbeid, til dømes floraen for Ryfylke (1906–07), Helgeland (1912–15) og Finnmark (1934).
Dahl var ein flittig feltarbeidar og særs noggrann og påliteleg i skildringa av det han såg, men teoretiserte lite. Betydninga til Dahl ligg i at han i stor grad utvida kunnskapen om plantelivet i Noreg ved å dokumentere utbreidinga til vanlege artar samstundes som han gjorde fleire førstegongsfunn.
Professor Rolf Nordhagen heidra Dahl ved å gje svalbardvalmue det vitskapelege namnet Papaver dahlianum.
Kjelder
150-årsjubileum for utrettelig botaniker på forskning.no, henta 5. februar 2012
Kategori:Norske botanikarar Kategori:Folk frå Orkdal