Ingo Kunzi (), betre kjend under artistnamnet Ayla, er ein tysk DJ og trance-musikar.
Karriere
I byrjinga av DJ-karrieren kalla Kunzi seg DJ Tandu, og han gav ut debut-EP-en Acido EP under dette namnet. Han tok kvinnenamnet Ayla som artistnamn i 1995, sjølv om han utover 1990-åra framleis gav ut singlar som DJ Tandu. I 1996 gav han ut singelplatene Atlantis og Ayla. Låta med same namn vart populær i mange land, også i Noreg, og hamna på 22. plass på den britiske singellista. Dessutan vart ho brukt som filmsoundtrack, og ho var med i ein fjernsynsreklame.
Neste singel frå Kunzi som også vart populær, kom i 1998 under namnet Ayla Part II. På fleire Ayla-låtar vart det brukt ei damestemme i musikken, og i Ayla Part II kunne ein høyra ei damestemme som seier «Ayla».Ayla part II på Youtube. Same året kom Liebe, som var ein remix av ein låt av technoartisten Cosmic Baby. Året etter gav han ut singlane Into the Light og Angelfalls.
I 1999 gav Ayla ut si fyrste plate, Nirwana. Denne selde til gull i to land; Noreg og Singapore. Etter denne utgjevinga gav Ingo Kunzi ut nokre singlar til, før han tok ein pause med Ayla-prosjektet. I 2010 gjorde han eit lite comeback som Ayla med singelen Ayla 2010, og i 2011 gav han ut albumet Unreleased Secrets. Ingo Kunzi har også vore med på mange samarbeidsprosjekt med andre DJs.
Diskografi som Ayla
Singlar
Atlantis (1996) Ayla (1996) Ayla Part II (1998) Liebe (1998) Angelfalls (1999) Into the Light (1999) Liebe/ Sunday (1999) Singularity/ Brainchild (2000) Sun is Coming Out (2002) Ayla 2010 (2010)
Album
Nirwana (1999) Unreleased Secrets (2011)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ingo Kunzi» frå , den 1. februar 2012.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske electronicamusikarar