Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran.

Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad. Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Susa» frå , den 15. juli 2013. oppgav desse kjeldene: Jean Perrot, Le Palais de Darius à Suse. Une résidence royale sur la route de Persépolis à Babylone, Paris, Paris-sorbonne.fr , 2010

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Susa by Susa ved Irantour.org Bilete frå Susa ved Livius.org Luftfoto av Susa ved uchicago.edu Digitale bilete av kuneiform frå Susa ved CDLI

Kategori:Tidlegare byar Kategori:Oldtidsbyar Kategori:Persarriket Kategori:Busetnader langs Silkevegen Kategori:Arkeologiske funnstader i Iran Kategori:Khuzestan Kategori:Elam Kategori:Partia