Audun Malvin Nerland () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Vistdal i Nesset og seinare forretningsmann i Molde.

Karriere Nerland var medlem av Vistdal Idrettslag fram til 1970, sidan av Idrottslaget BUL i Oslo. Han fekk sitt gjennombrot då han i 1971 vann femmila under prøve-OL i Sapporo. Tevlinga fann stad samstundes som noregsmeisterskapen, så han fekk ikkje prøvt seg mot dei beste norske i NM-samanheng før året etter. Under NM 1972 i Tydal kom han på andreplass på 30 km, berre slått av Pål Tyldum som seinare i sesongen vart olympisk meister på 50 km. Åra 1972-76 var Nerland med på BUL sitt tremannslag som vann NM-stafetten over 3x10 km fem år på rad. Nerland gjekk alle gongane andre-etappen, Eystein Weltzien den første og Odd Martinsen den siste.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1969: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen 1970: Nr 9 på 50 km i Lahti 1971: Vinnar av 50 km prøve-OL i Sapporo 1972: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen 1973: Nr 4 på 15 km og 5 på 50 km i Holmenkollen 1974: 1975: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1969: Nr 8 på femmila i Alvdal Ski-NM 1970: Nr 5 på femmila i Meldal Ski-NM 1972: Sølvmedalje på tremila i Tydal Ski-NM 1973: Nr 4 på femmila på Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 6 på femmila i Sørreisa Ski-NM 1975: Nr 6 både på 15 km i Heddal og på femmila i Flatebygd Ski-NM 1976: Nr 4 på 30 km i Surnadal

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Nesset