Saluzzo er ein by og eit tidlegare fyrstedøme i provinsen Cuneo i Piemonte i Italia.
Han ligg på ein ås som ser utover ei vid, oppdyrka slette. Saluzzo er kjend for restaureringsstad for antikke møblar og som ein større marknad for kastanjar.
Historie mini|venstre|Mellomalderbygningar i gamlebyen.
Saluzzo (Salusse på piemontesisk) var ein civitas (bystat) for stammen vagienni, eller fjell-ligurar, og seinare for salluvii. Området blei lagt under romersk kontroll av konsul Marcus Fulvius kring 125 f.Kr.
Byen er nemnd for fyrste gong i eit dokument frå 1028, som ein festning som tilhøyrde markien av Turin. Under karolingarane blei byen sete for ein greve.
Seinare kom han under markiane av Susa før Manfred I, sonen til marki Bonifacio del Vasto, blei marki av Saluzzo. Denne familien var markiar av Saluzzo frå 1142 til 1548. Markidømet omfamna territoriet mellom Alpane, Po og Stura, og blei utvida fleire gonger. I mellomalderen var staden ofte i konflikt med mektige naboar, særleg grevane (seinare hertugane) av Savoia. Etter at Manfredo II av Saluzzo døydde blei enkja hans tvinga til å godta ei rad tributtar. Dette danna seinare grunnlaget for Huset Savoia til å leggja krav på territoria til det stadig svakare markidømet. Thomas III av Saluzzo, ein fransk vassal, skreiv romansen Le chevalier errant.
Under Ludovico I (1416–75) byrja ein gullalder for Saluzzo. Staden fekk økonomisk vekst, og Ludovica plasserte seg som ein meklar nabokmaktene. Ludovico II fekk bygd ein tunnel gjennom Monviso, eit imponerande verk for si tid. Med fransk hjelp stod han imot ei kraftfull omleiring av hertugen av Savoia i 1486, men i 1487 gav han seg og trekte seg tilbake til Frankrike der han skreiv L'art de la chevalerie sous Vegèce (1488) om godt styre og andre verk om militære emne. I 1490 kom Ludovico tilbake til makta, men etter at han døydde kjempa sønene hans lenge om makta i den fattige staten. I 1511 blei byen utnemnd til eit biskopsete av pave Julius II, noko han framleis er. Etter ein langvarig kamp for å vera sjølvstendig blei markidømet okkupert av Frankrike i 1548. Som Saluces var det del av det franske kongeriket til det blei overgjeve til Savoia i 1601. I 1588 tok Karl Emanuel I av Savoia over byen, som blei underlagt huset Savoia i 1601 gjennom freden i Lyon. Deretter delte Saluzzo skjebne med Piemonte.
Ved byrjinga av 2019 blei nabokommunen Castellar del av Saluzzo, etter ei folkerøysting sommaren 2018.
Kjende bygningar
Domkyrkja i Saluzzo (1491–1501). Kyrkja er bygd i lombardisk-gotisk stil. San Bernardo-kyrkja, som tidlegare tilhøyrde Dei konventuelle fransiskanarane, har interessante gravminne for grevane della Torre. San Giovanni-kyrkja, ei dominikansk kyrkje påbyrja i 1330 i gotisk stil og fullført i 1504 med bramantepåverknad. Casa Cavassa: museum med renessanseinteriør. Rådhuset, tidlegare ein jesuittisk bygning
I kulturen Markidømet Saluzzo er settinga for Boccaccio si soge om Griselda, den siste soga i Dekameronen, og for Chaucer sitt «Clerk's Tale» i The Canterbury Tales.
Forfattaren Silvio Pellico og typografen Giambattista Bodoni var fødde i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Saluzzo» frå , den 19. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Piemonte Kategori:Tidlegare land i Italia