Per Lasson () var ein norsk komponist.
Lasson var fødd inn i ein kunstnarleg familie med fleire musikarar. Han var nest eldst i ein barneflokk på ti, og blant dei åtte søstrene hans finn ein kunstmålaren Oda Krohg og kabaretkunstnaren Bokken Lasson. Halfdan Kjerulf var ein fjern slektning.
Per Lasson fekk kreft og døydde berre 24 år gamal på dampskipet «Christiania» medan han var på veg heim frå kuropphald i Bad Kreuznach. Då han gjekk bort skreiv Nordisk Musik-Tidende at han «var en saa musikalsk begavet Natur og eiede et saa lovende Talent, at hans tidlige Bortgang i en ganske ung Alder ikke alene beklages af Slægt og Venner, der stode ham nærmest, men af Alle, der levende interessere sig for vor Kunst, og som til ham knyttede ikke ringe Forventninger.»Sitert frå
Hovudinspirasjonskjeldene til Lasson var den tyske romantikken. Han nådde berre å skrive 15 romansar, 9 klaverstykke og ein orkesterouverture, men dei syner ein tydeleg musikkgjevnad og eit godt grep om det handverkmessige.
I dag er Lasson mest kjend for klaverstykket Crescendo og Grisemarsjen, festmarsj til ordenspromosjonen i «griseordenen», Studentersamfundet i Kristiania 1882. I hans eiga samtid var Crescendo og songen Træet svært populære.
Kjelder
Kategori:Komponistar frå 1800-talet Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Oslo