Antoinette Josef Clara Meyer () var ein sveitsisk skirennar som vann sølvmedaljen i slalåm under vinter-OL 1948. Ho var fødd i Hospental i kantonen Uri, og døydde på ein pleieheim i Thun.
Meyer vart tre år på rad, 1943-45, sveitsisk meister i slalåm. I 1948 vann ho den olympiske sølvmedaljen i slalåmtevlinga under leikane i St. Moritz. Med tida 1.57,7 var ho 0,5 sekund bak olympiameisteren Gretchen Frazer frå USA. Ho deltok også i den andre alpintevlinga, utfor, der vart ho nummer 11.
Ho la opp i 1948 og gifta seg same året med Karl Molitor. Ekteparet var busett i Wengen, der dei dreiv ymse handelsverksemder.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antoinette Meyer» frå , den 18. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948