Holdhus kyrkje også kalla Holdhus gamle kyrkjeKyrkjebyggdatabasen om Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013. er ei langkyrkje frå 1306 i Hålandsdalen i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart sterkt ombygd i 1725, påbygd i 1836 og omfattande restaurert 1905-1906.Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013. Fortidsminneforeninga skriv at bygget er frå 1726 kort tid etter at stavkyrkja på staden vart riven.Fortidsminneforeningen Holdhus gamle kirke, lese 10. april 2013. Bygningssoga er til dels uklar, med bygningsdelar frå fleire periodar og kontinuiteten frå stavkyrkja første gong nemnt i 1306 til den noverande tømmerkyrkja er usikker.Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013. mini|venstre|150px|Inne i Holdhus kyrke mini|venstre|150px|Skipet midt i kyrkjerommet mini|venstre|150px|Madonnafiguren i kalkstein Den noverande kyrkja er i lafta tømmer, våpenhuset er i stav. Det er berre ei gudsteneste årleg i denne mellomalderkyrkja, som har ei altertavle av Andreas Grønnig Stub frå 1839 med «Oppstoda». Den gamle altertavla frå 1590 var ei såkalla katekismetavle. Preikestolen er frå 1570, baldakinen over er frå 1850. Det er to kyrkjeklokker, dei er frå 1306 da kyrka var ny. Frå den tida er også ein madonnastatue i kalkstein. Heile kyrkjeskipet er rosemåla i romansk stil med søyler og rundbogar og dekorert med akantus og drueklasar.

Kyrkja gjekk ut av bruk som soknekyrkje (annekskyrkje i Fusa prestegjeld) i 1890. Den var tidlegare kjent som Hålandsdalen kyrkje. Fortidsminneforeningen eig kyrkja etter at foreininga i 1900 kjøpte den av gardbrukar Hans Holdhus, som hadde kjøpt den i 1893 for å hindre riving.Fusa kommune Holdhus kyrkje, 10. april 2013. Om sommaren er det daglege omvisingar i kyrkja.

Kjelder Alf Henry Rasmussen: Våre kirker 1993, side 374 ISBN 82-7527-022-7

Bakgrunnsstoff

kategori:Kyrkjer i Bjørnafjorden kategori:Mellomalderkyrkjer i Noreg kategori:norske kyrkjer frå 1300-talet kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kulturminne i Bjørnafjorden Kategori:Rosemåla kyrkjer Kategori:Freda bygg i Vestland