Christian Matthias Theodor Mommsen () var ein tysk historikar som vert rekna som den viktigaste oldtidssforskaren på 1800-talet.
Han skreiv ikkje skjønnlitteratur, men likevel fekk han i 1902 Nobelprisen i litteratur med den begrunninga at han var «den største nolevande meister i historieskrivarkunsten, med spesiell vekt på det monumentale verket hans, Römische Geschichte»«the greatest living master of the art of historical writing, with special reference to his monumental work, A history of Rome»"Nobeltildelinga i 1902 («romersk historie»). Verket kom ut i tre bind mellom 1854 og 1856 og tok for seg den historia til romarane fram til romarrepublikken enda etter Julius Cæsar. Mommsen sine verk om historia til Romarriket er av grunnleggande betydning sjølv for dagens forskarar.
Mommsen var medlem av den preussiske landdagen og seinare Riksdagen i tre ulike periodar, først for det liberale Fortschrittspartei, seinare for det nasjonalliberale partiet og til slutt for dei såkalla Sezessionisten.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Theodor Mommsen på tysk Wikisource
Theodor Mommsen som «Klassiker der Geschichtswissenschaft» Mommsens Römische Geschichte, Fritt tilgjengelege lydbøker på LibriVox Mommsens Römische Geschichte, på Project Gutenberg (tysk og engelsk) Römische Geschichte på ei privat webside
Heimesida til familien Mommsen
Kategori:Tyske historikarar Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Tyske politikarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Kreis Nordfriesland Kategori:Pour le Mérite