Georg Stokke () var ein norsk gründer og industrieigar. Han skipa møbelverksemda Stokke AS i Spjelkavik (Ålesund) i 1932 - opphavleg med namnet «Møller & Stokke» til Bjarne Møller selde seg ut i 1955.http://www.stokke.com/ Frå 1956 var Georg Stokke eineeigar av Stokke Fabrikker A/S.Grytten, Harald (1993): Slik jeg husker det. Georg Stokke forteller til Harald Grytten. Ålesund: Stokke industrier. I byrjinga produserte selskapet lenestolar og sofagrupper, no er stokkekonsernet mellom anna kjent for barnestolen Tripp Trapp.http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.1951909Kampanje nr 6/2011 s.83 Gjennom konsernet har Georg Stokke og familien vore involvert i ei rad industriverksemder i Møre og Romsdal, mellom anna Westnofa på Åndalsnes, Tennfjord Møbelfabrikk og Vatne Møbler.Økonomisk Rapport 2.mai 2002. Vågå Bruk på Vågåmo vart etablert i 1965. Han deltok også i oppstart av olivinutvinning i Raudbergvika (Robbervika) i Sunnylvsfjorden, der Stokke personleg er ein av grunneigarane.Grytten, Harald (1993): Slik jeg husker det. Georg Stokke forteller til Harald Grytten. Ålesund: Stokke industrier. Utvinninga i Robbervika tok til i 1984.Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune. Gjennom Stokke Mineraler AS har han også vore engasjert i utvikling av rutilforekomsten i Førde/Naustdal.
Georg Stokke kom frå garden Stokke i Oaldsbygda i Sunnylvsfjorden.http://www.nyttiuka.no/default.aspx?menu=617&id=36691 Han er son av Eli Torsdotter i og Knut Olsson Stokke. Nils A. Liaaen, Knut Olsson Stokkes grandonkel, skipa skipsverftet A.M. Liaaen. Gift med Johanne P. Kjørstad.Lillebø, P.A. (1993): Gard og ætt. Stranda: Stranda sogelag, s.425.
Kjelder
Kategori:Folk frå Stranda Kategori:Norske gründerar