Passer er ei biologisk slekt av sporvar i «den gamle verda». Desse sporvane er tjukkfalne, små brune eller grå fuglar, ofte med svarte, gule eller kvite teikningar. Typisk lengd er 10-20 centimeter, dei har korte halar og korte, koniske nebb. Dei er selskaplege og vil danne store flokkar, og nokre, men ikkje gråsporv, har behageleg læte.
Dei fleste medlemmene finst naturleg i opne habitat i varmare klima i Afrika og sørlege Eurasia. Ifølgje ein molekylær studie publisert i 2001, har slekta opphav i Afrika, og boarsporv har den mest basale avstamminga. Fleire artar har tilpassa seg busetjingar åt menneske. Med hjelp av nære relasjonar til menneske, har spesielt gråsporv nytta høve til å utvide utbreiinga si langt utover kva som truleg var den opphavlege heimplassen i Midtausten. Bortsett frå naturleg kolonisering, har gråsporv vorte introdusert til mange delar av verda utanfor sitt naturlege utbreiingsområde, inkludert Amerika, Afrika sør for Sahara og Australia. Pilfink har òg vorte innført i mindre skala, med populasjonar i Australia og lokalt i Missouri og Illinois i USA.
Passer-sporvar byggjer eit rotete reir, som, avhengig av art og hekkeområdet, kan vere i ein busk eller eit tre, eit naturleg hòl i eit tre, i ein bygning eller i taktekkinga, eller i store reirstrukturar som storkereir. Kullet kan vere på opptil åtte egg og blir ruga av begge foreldra, vanlegvis i 12-14 dagar. Det tar deretter 14-24 dagar før ungane er flygedyktige.
Passer-sporvar beitar primært på bakken som frøetarar, sjølv om dei òg et små insekt spesielt i hekketida. Nokre få artar, som gråsporv og landsbysporv, søkjer føde rundt byar, og er nesten altetande. __NOTOC__ Artslista Passer-sporvar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Oasesporv, Passer ammodendri, Saxaul Sparrow, Gould, 1872, (LC) Gråsporv, Passer domesticus, House Sparrow, Linné, 1758, (LC) Romarsporv, Passer italiae, Italian Sparrow, Vieillot, 1817, (VU) Middelhavssporv, Passer hispaniolensis, Spanish Sparrow, Temminck, 1820, (LC) Indussporv, Passer pyrrhonotus, Sind Sparrow, Blyth, 1845, (LC) Somalisporv, Passer castanopterus, Somali Sparrow, Blyth, 1855, (LC) Kanelsporv, Passer cinnamomeus, Russet Sparrow, Temminck, 1835, (LC) Thaisporv, Passer flaveolus, Plain-backed Sparrow, Blyth, 1845, (LC) Tamarisksporv, Passer moabiticus, Dead Sea Sparrow, Tristram, 1864, (LC) Kappverdesporv, Passer iagoensis, Cape Verde Sparrow, Gould, 1838, (LC) Kurisporv, Passer hemileucus, Abd al Kuri Sparrow, Ogilvie-Grant & Forbes, 1899, (VU) Sokotrasporv, Passer insularis, Socotra Sparrow, Sclater, PL & Hartlaub, 1881, (LC) Akasiesporv, Passer motitensis, Great Rufous Sparrow, Smith, A, 1836, (LC) Masaisporv, Passer rufocinctus, Kenya Rufous Sparrow, Finsch & Reichenow, 1884, (LC) Savannesporv, Passer shelleyi, Shelley's Rufous Sparrow, Sharpe, 1891, (LC) Kordofansporv, Passer cordofanicus, Kordofan Rufous Sparrow, Heuglin, 1871, (LC) Boarsporv, Passer melanurus, Cape Sparrow, Statius Müller, 1776, (LC) Landsbysporv, Passer griseus, Northern Gray-headed Sparrow, Vieillot, 1817, (LC) Oskesporv, Passer swainsonii, Swainson's Sparrow, Rüppell, 1840, (LC) Tjukknebbsporv, Passer gongonensis, Parrot-billed Sparrow, Oustalet, 1890, (LC) Swahilisporv, Passer suahelicus, Swahili Sparrow, Reichenow, 1904, (LC) Kraalsporv, Passer diffusus, Southern Gray-headed Sparrow, Smith, A, 1836, (LC) Ørkensporv, Passer simplex, Desert Sparrow, Lichtenstein, 1823, (LC) Sandsporv, Passer zarudnyi, Zarudny's Sparrow, Pleske, 1896, (LC) Pilfink, Passer montanus, Eurasian Tree Sparrow, Linné, 1758, (LC) Sahelsporv, Passer luteus, Sudan Golden Sparrow, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC) Solsporv, Passer euchlorus, Arabian Golden Sparrow, Bonaparte, 1850, (LC) Brunsporv, Passer eminibey, Chestnut Sparrow, Hartlaub, 1880, (LC)
Kjelder Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Passer» frå , den 7. januar 2012
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av Passer hos Internet Bird Collection
Kategori:Sporvefamilien Kategori:Fugleslekter