thumb|right|Hausaspråklege område i Niger og Nigeria Hausa er eit tsjadspråk i den afroasiatiske språkfamilien. Det blir snakka som førstespråk av 24 millionar menneske, og som andrespråk av ca. 15 millionar. Hausafolk held først og fremst til i nordlege delar av Nigeria, Niger, Ghana, Kamerun, Benin og Togo og sørlege delar av Niger, Tsjad og Sudan, med ein stor minoritet i Elfenbeinskysten. Geografisk område Hausa blir snakka i Niger og nord i Nigeria, men det blir brukt som lingua franca i store delar av Vest-Afrika, spesielt blant muslimar.
Offisiell status Hausa er offisielt språk i den nordlege delen av Nigeria.
Lydsystem
Vokalar
Hausa har eit klassisk femvokalsystem, / i, e, a, o, u /, der alle vokalane kan vere lange eller korte. I tillegg har hausa diftongane /ai, au/.
Konsonantar Tabellen viser konsonantane i hausa. Når den ortografiske representasjonen avvik frå IPA, er IPA-symbolet sett til i parentes.
bilabial alveolar post-alveolar retrofleks palatal velar uvular glottal ust. st. ust. st. ust. st. ust. st.f ust. st. ust. st. ust. st. ust. st. Implosiv ɓ ɗ Ejektiv ts (ʦ') k' (ƙ) Plosiv b t d k g ' (ʔ) Affrikat c (ʧ) j (ʤ) Nasal m n Vibrant r Flapp r (ɽ) Frikativ f (ɸ) s z sh (ʃ) h Approksimant w l y (j)
Fonologi
Hausa er eit tonespråk, med tre tonar, høg, låg og fallande tone.
Ordforråd
Lånord Hausa har mange arabiske lånord.
Genustilordning Hausa har to genera, maskulinum og femininum. Der språket har ulike ord for referentar med biologisk hankjønn og hokjønn, er dei maskulina eller feminina, som yáròo «gut» og yáarínyàa «jente». Frå denne semantiske kjernen har hausa eit fonologisk basert genustilordningssystem: Ord på -aa er feminina, alle andre ord er maskulina.
Skriftsystem Hausa har vore skriftfesta i meir enn 200 år, først med ein variant av det arabiske alfabetet (ajami), men deretter med det latinske alfabetet, som vart innført i byrjinga av 1900-talet. Dette alfabeter er kjend som boko (frå engelsk book), og blei offisiell skrift for hausa i 1930.. Oppgjeve av Engelsk Wikipieda
Hausa har 3 konsonantar i tillegg til dei vanlege latinske: ɓ, ɗ og ƙ.
Ord frå grunnordforrådet Tyding Hausa Tyding Hausa eg nii stor bàbba du kai (m.), kee (f.) liten ƙànkanèè han/ho/det shii (m.), ita (f.) ete ci vi muu drikke shaa dokker kuu sove barcii dei suu døy mutù kven? wàà gå tàfi, jee kva? mèè kome zoo menneske ɗan Adàm gje baa, baà mann mùtûm ta ɗaukàà kvinne màcè, mààtaa snakke fàɗaa hovud kâi elske soo auge idòò ein ɗaya øyre kûnnee to biyu nase hancìì tre ukù munn bààkii fire huɗu tann haƙoorii fem bìyar tunge harshèè seks shidà hjarte zuucìyaa sju bakwài hand hannuu åtte takwàs fot ƙafàà ni tarà vatn ruwaa ti goomà eld wutaa tjue àshìrin sol raanaa hundre ɗàrii måne watàà tusen dubuu
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Ethnologue-rapport for Hausa
Kategori:Språk i Benin Kategori:Språk i Burkina Faso Kategori:Språk i Kamerun Kategori:Språk i Ghana Kategori:Språk i Niger Kategori:Språk i Nigeria Kategori:Språk i Togo Kategori:Afroasiatiske språk Kategori:Tsjadspråk Kategori:Einskildspråk