Bjarte Birkeland () var ein norsk litteraturforskar. Han blei cand.philol med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1948. Seinare var han professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen 1969-1984, og arbeidde særleg med nynorsk litteratur, mellom anna gjennom doktoravhandlinga om Per Sivle frå 1962, som seinare har blitt ståande som eit standardverk innanfor Sivle-forskinga, og to verk om Olav Duuns dikting. Han var òg medverkande i fleire bøker om norsk litteraturhistorie.

I studieåra var han aktiv i Studentmållaget i Oslo, og hadde fleire verv, mellom anna som formann. Seinare hadde han fleire verv i ymse kulturinstitusjonar, var redaktør i Syn og Segn frå 1960 til 1968, og var første faste tilsette forlagssekretær og styremedlem i Samlaget. I 1979 blei han heidersmedlem i Samlaget. Ei tid arbeidde han også på deltid i Noregs Boklag. Redaktørtida hans i Syn og Segn var ei opplagsmessig framgangstid, og bladet fekk under Birkelands leiing I periodar var han medredaktør saman med høvesvis Olav Midttun og Berge Furre. ein breiare populærvitskapleg profil. Samstundes var han også aktiv skribent i dagspressa og ulike tidsskrift.

Verk i utval Naturskildringane i Olav Duuns diktning føre "Juvikfolke" (1948) Per Sivle (1962) Olav Duuns soger og forteljingar (1976) Folkemål og danning – nynorske lærebøker 1867–1914 (1986) Essay i utval (1986)

Kjelder Anne Berit Klungsøyr: «Bjarte Birkeland» i Allkunne, innhenta 29. desember 2011. , innhenta 29. desember 2011

Fotnotar

Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Målfolk Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Folk frå Bergen