Elisabeth Farnese (), dotter av Odoardo Farnese og Dorothea Sofie av Neuburg, var dronninggemalinne av Spania og hadde stor innverknad på den spanske utanrikspolitikken.

Elisabeth var fødd i Parma, hovudstaden i hertugdøemt familien hennar hadde regjert over i over to hundreår. Elisabeth vart seinare arvingen etter områda til faren då onkelen hennar Francesco Farnese av Parma og den yngre broren hans begge var barnlause.

Hertugdømet Parma vart sidan arva av den første sonen hennar, infante Carlos, og då han tok over den spanske trona gjekk tittelen til den tredje sonen hennar, infante Felipe. Det var han som danna det moderne Huset Bourbon-Parma.

Ho gifta seg så med kong Filip V av Spania og ho fekk raskt stor innverknad på han, som av dei fleste vart rekna som ein svak konge. Kongen abdiserte i 1724 og gav trona til den førstefødde arvingen (frå det første ekteskapet hans), men då den unge kongen døydde, vart Filip kalla attende til trona. I dei seinare åra hans, då han var nesten senil, var det Elisabeth som styrte det meste av Spania og sikra tronenen i Italia for sønene sine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Farnese» frå , den 28. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Huset Farnese Kategori:Huset Bourbon Kategori:Huset Bourbon i Spania Kategori:Spanske dronningar Kategori:Italiensk adel Kategori:Spanske regentar Kategori:Folk frå Parma