Koróni (gresk Κορώνη) er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.
I tida under Republikken Venezia og Det osmanske riket vart byen kalla Corone. Byen ligg sørvest på Peloponnes ved Messiníabukta i det sørlege Hellas, om lag 45 minuttar sørvest for Kalamáta. Byen ligg på ein ås nedanfor ei imponerande venetiansk festning og nedover til bukta.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Koróni 3 600 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 187 innbyggjarar.
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Koroni» frå , den 26. desember 2011.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Koroni Koroni Koroni