mini|350px|Det gjentakande motivet som går att i «Carol of the Bells» og opphavssongen «Sjtsjedryk».

«Carol of the Bells» er ein amerikansk julesong med melodi frå ukrainske «Sjtsjedryk» av Mykola Leontovytsj frå 1916 og tekst av Peter J. Wilhousky frå 1936.

Songen er blitt populær i den engelskspråklege verda. Han spreidde seg gjennom radio takka vere Wilhousky sitt arbeid som arrangør for radiosymfoniorkesteret til NBC.

Det er også skrive andre engelske versjonar av songen, mellom anna «Ring, Christmas Bells» av Minna Louise Hohman frå 1947.

«Carol of the Bells» skil seg heilt frå utgangspunktet, som er ein lukkeønskande nyttårssong. Melodien er derimot lik. Wilhousky sin tekst illuderer ringande klokker med korte ord og ord som «ding dong», og har tydeleg juletilknyting gjennom refrenget som ønskjer god jul. Han skildrar korleis klokkene kling til jul, lik folk som syng bringer glede. Han kan ha vore inspirert av den gamle slaviske soga om at alle klokker i verda byrja klinga av seg sjølv då Jesus vart fødd.

Songen er blitt brukt i reklamefilmar. Han var også del av musikken i julefilmane Home Alone og Home Alone 2: Lost in New York regissert av Chris Columbus. Han er blitt framført av ei rekkje artistar i ulike stilar, som klassisk, jazz, rock, heavy metal og pop.

Innspelingar (Utval) 1946: Robert Shaw Chorale 1947: Ray Conniff Singers, Andy Williams og Julie Andrews med Treorchy Male Choir 1981: Kenny Rogers 1983: David Benoit, ein jazzverssjon på Christmastime. 1994: Charles Aznavour, Sissel Kyrkjebø og Plácido Domingo framføte songen saman på ein julekonsert i Wien som blei utgjeven på Christmas in Vienna III 1995: Savatage og Trans-Siberian Orchestra på Christmas Eve/Sarajevo (12/24) 2001: Destiny's Child på Opera of the Bells 2006: Moya Brennan på An Irish Christmas 2009: Hayley Westenra på Winter Magic, med seg sjølv som bakgrunnssongar. 2010: Pink Martini på Joy to the World og Enter Shikari ved sin julekonsert i Hatfield, utgjeve på Live from Planet Earth

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carol of the Bells» frå , den 25. desember 2011.

'Carol of the Bells' wasn't originally a Christmas song, scienceblog.com, December 2004

kategori:USA-amerikanske julesongar kategori:Songar frå 1936