Vegard Urheim Ylvisåker () er ein norsk musikar og komikar, kjend frå duoen Ylvis, der han opptrer saman med broren Bård Ylvisåker.
Han er fødd i Sogn, men er oppvaksen både i Afrika og i Bergen. Brørne har delteke i mange fjernsynsprogram, som «I kveld med Ylvis» og «Ylvis møter veggen». Dei har òg laga sceneshowa «Ylvis - en kabaret», «Ylvis - en konsert», «Ylvis goes philharmonic», «Ylvis 3» og «Ylvis 4».
Vegard Ylvisåker er gift og har to born.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vegard Ylvisåker» frå , den 22. desember 2012.
Bakgrunnsstoff ylvis.com
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske programleiarar