«The Night» er ein song av The Animals frå 1983. Det var den første singelen deira frå albumet Ark, som var eit forsøk på ei gjenforeining. Singelen nådde 48. plass på Billboard Hot 100 og 34. plass på Mainstream Rock Tracks-lista i USA.

Eric Burdon skreiv songen med John Sterling, som gav songen til Burdon etter at han skreiv noko av musikken og teksten om kona si Eva, som vitja familien sin i Sverige. Sterling snakka med ho på telefon kvar kveld då ho var borte.

Det vart laga ein musikkvideo for songen. Alle som medverkar på songen er med i videoen.

Medverkande

Eric Burdon - vokal Alan Price - klaverinstrument, korvokal Hilton Valentine - gitar Chas Chandler - bassgitar, korvokal John Steel - trommer Zoot Money - klaverinstrument Steve Grant - gitar, synthesizer, korvokal Steve Gregory - saksofon Nippy Noya - perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Night (The Animals song)» frå , den 18. desember 2011.

Kategori:Songar frå 1983 Kategori:The Animals-songar Kategori:Eric Burdon-songar