«It's My Life» er ein song skriven av Brill Building-låtskrivarane Roger Atkins og Carl D'Errico. Songen vart opphavleg spelt inn av det britiske rockebandet the Animals, som gav songen ut som singel i oktober 1965.
Songen vart ein hit i fleire land, og har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Bruce Springsteen.
The Animals-versjonen D'Errico, som skreiv musikken, og Atkins, som skreiv teksten, var profesjonelle låtskrivarar tilknytte Brill Building-miljøet i New York City. «It's My Life» vart skriven spesifikt for The Animals etter at produsent Mickie Most hadde bestilt songar til den nye innspelinga deira. Andre songar som kom samstundes til bandet var «We Gotta Get Out of This Place» og «Don't Bring Me Down».
Songen vart driven fram av eit bassgitar-riff av Chas Chandler, i lag med ein ringande elektrisk 12-strengs gitar frå Hilton Valentine.
«It's My Life» hadde premiere på det amerikanske fjernsynsshowet Hullabaloo hausten 1965.
Lister Liste (1965)PlasseringCanada2Noreg5Storbritannia7USA - Billboard Hot 10023
Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn eller framført songen er Bruce Springsteen, David Johansen, Alcatrazz og Bon Jovi.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's My Life (The Animals song)» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Animals-songar Kategori:Songar produserte av Mickie Most Kategori:Bruce Springsteen-songar