Mowi (), før 2019 kjend som Marine Harvest og før 6. februar 2017 som Pan Fish, er eit norsk sjømatselskap med hovudkontor i Bergen. Selskapet er verdas største oppdrettar av atlantisk laks og sysselset over 13 000 personar. Det har større føretak i Noreg, Skottland, Canada, Færøyane og Chile. Selskapet står for mellom 25 og 30 % av handelen med laks og aure på verdsmarknaden. making it the world's largest company in the sector.

Selskapet fekk si noverande form etter ei stor utviding i 2006, då Pan Fish ASA fusjonerte med Marine Harvest N.V. og Fjord Seafood.

Historikk Selskapet er eit resultat av ein fusjon mellom Pan Fish, Fjord Seafood og Marine Harvest. I juni 2005 kjøpte Geveran Trading Ltd., eit selskap som blir kontrollert av John Fredriksen, majoriteten av aksjane i det norske oppdrettsselskapet Pan Fish. I løpet av hausten 2005 kjøpte Fredriksen også det nederlandske oppdrettsselskapet Marine Harvest. Samstundes starta han oppkjøp av aksjar i norske Fjord Seafood. Før sommaren 2006 hadde Pan Fish kontroll over aksjane i Fjord Seafood, og fusjonen mellom dei tre selskapa kunne starta. Det nye selskapet heldt på namnet Pan Fish i eit halvt år, før det 1. januar 2007 endra namn til Marine Harvest. Fredriksen er hovudeigar i selskapet, med ein eigardel på 13,8 prosent. Frå 1. januar 2019 endra selskapet namn frå Marine Harvest til Mowi som eit ledd i selskapet sin merkevarestrategi.

Verksemd Selskapet tilbyr eit breitt spekter av sjømatprodukt, og produserer ein firedel av all oppdrettslaks og -aure i verda. Mowi driv verksemda si i 25 land, og har om lag 13 000 tilsette globalt. Mowi er notert på Oslo Børs og aksjen inngår i OBX-indeksen. Etter at tidlegare konsernsjef Atle Eide trekte seg 1. september 2007, vart selskapet mellombels leia av Leif Frode Onarheim. 1. mars 2008 overtok Åse Aulie Michelet som toppsjef i Mowi. Ho trekte seg overraskande tilbake 23. mars 2010, etter ynskje frå styret, ho vart erstatta med noverande konsernsjef er Alf-Helge Aarskog.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Marine Harvest

Kategori:Norske næringsmiddelføretak Kategori:Sjømatføretak Kategori:Skipingar i 2006