Alexandra () er den tidlegare kona til prins Joachim av Danmark. Dei vart gift 18. november 1995, tok ut separasjon 22. september 2004 og vart skilt 8. april 2005.

I samband med fødselsdagen til dronning Margrethe II av Danmark 16. april 2005 vart prinsesse Alexandra tildelt tittelen grevinne av Frederiksborg.

3. mars 2007 vart ho gift med den fleire år yngre Martin Jørgensen. Jørgensen er ein filmfotograf og har vore med på å lage programmar om den danske kongefamilien. Han har frå før ei dotter. Vigsla fann stad i Øster Egede kirke på Sydsjælland. Hennar to søner, prinsane Nikolai av Danmark og Felix av Danmark, var dei einaste frå kongefamilien som var til stades.

Ho er etter bryllaupet ikkje lenger medlem av det danske kongehuset, men held tittelen grevinne av Frederiksborg.

Namn og titlar 1964–1995: Alexandra Christina Manley 1995–2005: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark 2005–2007: Prinsesse Alexandra Christina av Danmark, grevinne av Frederiksborg 2007– i dag: Grevinne Alexandra Christina av Frederiksborg

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alexandra, grevinne av Frederiksborg» frå , den 8. desember 2011.

Denne artikkelen bygger på «Alexandra af Frederiksborg» frå , den 8. desember 2011.

Kategori:Folk frå Hongkong Kategori:Danske prinsesser Kategori:Grevinner av Frederiksborg Kategori:Elefantordenen