2021 (romartal MMXXI) var eit normalår som starta på ein fredag.

Hendingar

Utlandet 20. januar: Joe Biden blei innsett som den 46. presidenten av USA med Kamala Harris som visepresident. 1. februar: I Myanmar blei statsministeren Aung San Suu Kyi avsett i eit militærkupp.Myanmars hær har grepet makten i kupp – Suu Kyi pågrepet. Nettavisen. Besøkt 1. februar 2021. 23.–29. mars: Det 400 meter lange, panamaregistrerte konteinerskipet «Ever Given» sperra Suezkanalen etter å ha gått på grunn. 400 skip blei forseinka.Egypt kan be om 1 milliard dollar fra «Ever Given»-eiere etter Suezkaos. E24. Besøkt 7. april 2021. 19. april – Dronen «Ingenuity» utførte den fyrste motordrivne flyginga i historia i ein utanomjordisk atmosfære då han flaug i 40 sekund på planeten Mars. 13. juni: Benjamin Netanyahu gjekk av som statsminister i Israel etter tolv år ved makta.Benjamin Netanyahu ferdig etter tolv år. VG. Besøkt 13. juni 2021. Naftali Bennett tok over som ny statsminister. 23. juli: Sommar-OL 2020 opna i Tokyo i Japan, eit år forseinka på grunn av koronapandemien. 14. august: Eit jordskjelv som målte 7,2 råka Haiti og drap nær menneske. 15. august: Den folkevalde regjeringa til Afghanistan i Kabul overgav seg til Taliban, som dermed fekk kontroll over heile landet. 16. august: Muhyiddin Yassin gjekk av som statsminister i Malaysia.

Noreg 1. januar: Embetstittelen fylkesmann skifta namn til statsforvaltar. Sjokolade- og sukkervareavgifta blei fjerna.Statsbudsjettet 2021: Fjerner sukkeravgiften. Dagbladet. Besøkt 1. januar 2021. 26. april – Talet på tingrettar i Noreg blei reduserert frå 60 til 23. Oslo byfogdembete blei slått saman med Oslo tingrett.Ny domstolreform vedtatt av Stortinget. Norges domstoler. Besøkt 29. januar 2021.https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-01-22-163?q=Forskrift%20om%20inndelingen%20av%20rettskretserForskrift om endringer i forskrift 22. januar 2021 nr. 163 om inndelingen av rettskretser og lagdømmer. Lovdata. Besøkt 26. april 2021.

Fødde

25. februar: Prinsesse Salote Mafile’o Pilolevu, det fjerde barnet til kronprinsen og kronprinsessa av Tonga og den femte i arverekkja 26. mars: Prins Julian, hertug av Halland, tredje sonen til prins Carl Philip av Sverige og Sofia av Sverige og den sjuande i den svenske arverekkja 4. juni: Lilibet Mountbatten-Windsor, det andre barnet til prins Harry av Storbritannia og Meghan, hertuginne av Sussex, den åttande i arverekkja til Storbritanniaog seksten delar av Samveldet

Døde

1. januar: Elmira Minita Gordon, fyrste guvernor-generalen av Belize 2. januar: Modibo Keita, tidlegare statsminister av Mali 3. januar: Gerry Marsden, engelsk musiker 4. januar: Martinus J. G. Veltman, nederlandsk fysikar 16. januar: Phil Spector, amerikansk plateprodusent og dømt drapsmann 26. januar: Berit Oskal Eira, norsk politikar 2. mars: Chris Barber, engelsk jazzmusikar Bunny Wailer, jamaicansk reggaesongar og låtskrivar 12. mars: Goodwill Zwelithini, zulukonge sidan 1968 27. mai: Carla Fracci, italiensk ballettdansar 17. juni: Kenneth Kaunda, fyrste presidenten av Zambia 13. august: Nanci Griffith, amerikansk songar-låtskrivar og gitarist Carolyn S. Shoemaker, amerikansk astronom

Kjelder