«Empty Garden (Hey Hey Johnny)» er ein ballade av den britiske artisten Elton John på albumet Jump Up! frå 1982. Singelen nådde 13. plass i USA. Han tilskriven songen til minne av den avdøde venen John Lennon, som vart myrda litt over eit år tidlegare. Lennon og John var gode vener og hadde sunge hitten til Lennon frå 1974, «Whatever Gets You Thru the Night», i lag, samt spelt i lag på somme konsertar. John spelte songen på nokre få konsertar like etter singelen kom ut, men har sidan sjeldan spelt songen live.
«Empty Garden», «den tomme hagen», som er omtalt i songen er Madison Square Garden, der Lennon song ein duett med John i 1974. John har sidan spelt songen fleire gonger i Madison Square Garden. I musikkvideoen til songen ser ein John ved eit piano ved ei etterlikning av inngangspartiet til Dakota-bygningen der Lennon vart myrda.
John skreiv og spelte inn ei tidlegare instrumental hyllest til Lennon, «The Man Who Never Died».
Medverkande Elton John - Yamaha elektrisk piano, cembalo, vokal Richie Zito - gitarar Dee Murray - bass James Newton-Howard - synthesizer Jeff Porcaro - trommer
Salslister
Vekeslister Liste (1982)PlasseringCanada RPM8New Zealand14U.S. Billboard Hot 100[Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]13U.S. Billboard Adult Contemporary18U.S. Cash Box Top 10012
Årslister Liste (1982)PlasseringCanada68U.S. Billboard Hot 10076U.S. Cash Box78
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Empty Garden (Hey Hey Johnny)» frå , den 6. desember 2011.
Bakgrunnsstoff Teksten til Empty Garden på Letras.Mus.Br
Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar til minne om John Lennon Kategori:Songar produserte av Chris Thomas Kategori:Songar inspirerte av dødsfall Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:The Rocket Record Company-singlar