Statsuniversitetet i Moskva (MGU, МГУ: Московский государственный университет имени М. В. Ломоносова) er det største universitetet i Russland og eit av dei eldste, grunnlagt .

Universitetsbygningane ligg i hovudsak innanfor Moskva sin bygrenser og inneheld 30 fakultet, 13 vitskapelege institutt, over 40 000 studentar, 7 000 doktorgradsstudentar, 4 000 lærarar og 5 000 forskarar. Elleve tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen.

Hovudbygningen ligg på Sporvehøgda sørvest i byen. Den blei oppført i 1949–1953 av Lev Rudnev, og er eit eksempel på sosialistisk klassisisme. Bygningen er ein av Stalin-skyskraparane som ofte blir kalla Dei sju søstrene.

Kjente studentar Aleksej Abrikosov Pavel Aleksandrov Vladimir Arnold Zalpa Bersanova Pafnutij Tsjebysjov Anton Tsjekhov Boris Tsjitsjerin Jekaterina Dasjkova Semjon Desnitskij Vladimir Drinfeld Grigorij Gamburtsev Israel Gelfand Vitalij Ginzburg Mikhail Gorbatsjov Alexander Herzen C. A. R. Hoare Ion Iliescu Vjatsjeslav Ivanov Vasilij Kandinskij Pjotr Kapitsa Jurij Knorosov Andrej Kolmogorov Maksim Kontsevitsj Igor Kurtsjatov Lev Landau Grigorij Landsberg Nikolaj Luzin Grigorij Margulis Nitiphoom Naowarat Sergej Novikov Andrej Okounkov Olga Oleinik Aleksandr Oparin Ivan Petrovskij Andrej Sakharov Jakov Sinaj Sergej Stanisjev Igor Tamm Vladimir Toporov Nikolai Trubetzkoj Maksimilian Volosjin Lev Vygotskij

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Statsuniversitetet i Moskva» frå , den 5. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i Russland Kategori:Byggverk i Moskva Kategori:Stalinistisk arkitektur Kategori:Skipingar i 1755 Kategori:1755 i Russland Kategori:Skyskraparar i Russland Kategori:Turistmål i Moskva Kategori:Skyskraparar med høgd mellom 200 og 249 meter