Arne Birger Lindtner Næss () er ein norsk filmskodespelar, -regissør, -produsent og manusforfattar.
Karriere
Arne Lindtner Næss er utdanna skodespelar og filmdebuterte allereie i 1969 i Brent jord. Han har opptrådt på nær alle teater i Noreg, og er framleis aktiv. I moderne tid er han kanskje mest kjend ifrå dramaseriane Familiesagaen De syv søstre og Venner og fiender på TV 2.
Frå 1985 tok han til å også regissera, produsera og skriva manus for filmar, noko det også må seiast han har lukkast med. I desse jobbane har han vorte særleg kjend for regisseringa av filmane om Olsenbanden junior, samt familiefilmen Venner for livet frå 2005. Arne Lindtner Næss vann Amandaprisen for 2005 i klassen Beste barne- og ungdomsfilm med Venner for livet.
Dei siste prosjekta til Lindtner Næss er filmen Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn samt den komande fjernsynsserien Esefo-kidza.
Arne Lindtner Næss er far til filmregissøren Peder Hamdahl Næss.
Filmografi
2011: Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn (film, regi) 2010: Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt (film, regi) 2008: S.O.S. Svartskjær (film, regi) 2007: Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet (film, regi og manus) 2006: Olsenbanden jr. på Cirkus (film, regi) 2004: Olsenbanden jr. på rocker'n (film, regi og manus) 2004: Det gode selskap (film, regi, manus og produksjon) 2003: Olsenbanden jr. går under vann (film, regi og manus) 2002: Far og sønn (fjernsynsserie, regi) 2001: Olsenbandens første kupp (fjernsynsserie, regi og produksjon) 2001: Fox Grønland (fjernsynsserie, manus) 2000: Vazelina Hjulkalender (fjernsynsserie, regi og produksjon) 1998: Venner og fiender (fjernsynsserie, skodespelar og manus) 1998: Hotel Cæsar (fjernsynsserie, regi og manus) 1996: Familiesagaen De syv søstre (fjernsynsserie, skodespelar og manus) 1996: Fjernsynsserien Offshore (skodespelar) 1994: Fjernsynsserien Vestavind (skodespelar) 1984: Snart 17 (film, skodespelar) 1982: Olsenbandens aller siste kupp (film, skodespelar) 1981: Liten Ida (film, skodespelar) 1978: Kvinnene (film, skodespelar) 1973: Kanarifuglen (film, skodespelar) 1972: Lukket avdeling (film, skodespelar) 1969: Brent jord (film, skodespelar)
Kjelder
Bokmålswikipedia om Arne Lindtner Næss, henta inn 19. november 2011. Profil på Filmweb.no Profil på imdb.com Engelsk biografi hjå Norsk Filminstitutt
Bakgrunnsstoff
Profil på filmfront.no Norsk filmfond om Venner for livet Intervju i Filmmagasinet
kategori:Norske skodespelarar kategori:Norske filmregissørar kategori:Norske manusforfattarar kategori:Norske filmprodusentar kategori:Vinnarar av Amandaprisen