John Field () var ein irsk pianist og komponist som var mykje av livet sitt i Russland. Han blir rekna som oppfinnar og namngjevaren til musikkforma nokturne, som Frédéric Chopin utvikla vidare.
Liv John Field blei fødd i Dublin. Han studerte først klaver hos far sin som var fiolinist, og seinare med Tommaso Giordani. Han fortsette utdanninga hos Muzio Clementi i London. I 1802 følgde han med Clementi på ei reise til Paris for å vise fram klaver som Clementi hadde bygd og for å opptre som pianist. Året etter reiste begge til St. Petersburg der Field blei verande og skapte seg eit ry som kunstnar og lærar. Frå 1822 til han døydde i 1837 budde han i Moskva. Han foretok òg ei rekke konsertreiser. Han vitja Storbritannia for siste gong i 1831, då han fekk kreftbehandling, og i tillegg heldt konsertar i London og Manchester.
Verk mini|John Field sin nokturne nr. 5, H.37 i B-dur, 1817, framført av Constantin Stephan. Field er den første komponisten som skreiv nokturnar. Desse stykka påverka Frédéric Chopin i sterk grad, og han skreiv sjølv 21 nokturnar som gjorde forma vidkjend. Field sine i alt 18 nokturnar høyrer til dei tidlegaste einsatsige, romantiske karakterstykka for klaver og kan sjåast på som viktige forløparar for mange romantiske komponistar sine verk, til dømes Felix Mendelssohn Bartholdy, Robert Schumann, Franz Liszt og Edvard Grieg.
Field skreiv sju klaverkonserter, den andre (1811) er nok den mest kjende, sjølv om den fjerde (1819) ofte blir sett på som meir verdifull reint musikalsk. Av orkesterverk finst det tre rondoar og ein transkripsjon av Field sin tolvte nokturne, ved sida av et stor tal verk for piano solo, kammermusikalske verk og nokre få vokale verk.
Mottaking Fields sine samtidige akta han høgt. Pianospelet og komposisjonane hans påverka mange store komponistar, blant andre Chopin, Brahms, Schumann og Liszt. Hamilton Harty (1879–1941): A John Field Suite. For orkester (1939). Boosey & Hawkes. Wilhelm Killmayer (* 1927): An John Field. Nocturner for klaver(1978). Schott-Verlag, Mainz. Malcolm Arnold (* 1954): Fantasy on a Theme of John Field. for orkester. Faber, 1994. Wolfgang Schlüter (* 1948): John Field und die Himmels-Electricität: Skizzen. Eichborn, Frankfurt am Main 1998.
Kjelder
Denne artikkelen er basert på «John Field» frå , den 19. november 2011.
Litteratur Cecil Hopkinson: A bibliographical thematic catalogue of the works of John Field. Eige forlag, London 1961. Patrick Piggott: The life and music of John Field. 1782–1837. Creator of the nocturne. Faber & Faber, London 1973, ISBN 0-571-10145-3.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Irske musikarar Kategori:Irske lyrikarar Kategori:Folk frå Dublin