Abdul Rahman Hassan Azzam () var ein egyptisk diplomat og politikar. Han var den fyrste generalsekretæren i Den arabiske ligaen frå 1945 til 1952. 27. desember 1945 fekk han tittelen pasja av Faruk I av Egypt og er difor også kjend som Abdul Rahman Azzam Pasja. Namnet er også skrive Abd al-Rahman Azzam.
Azzam var Egypt sin ambassadør til Irak, Iran og Saudi-Arabia, og var også diplomat i Romania og Tyrkia. Han var i ein periode også parlamentsmedlem.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Abdul Rahman Hassan Azzam» frå , den 15. november 2011.
Kategori:Egyptiske politikarar Kategori:Egyptiske forfattarar Kategori:Egyptiske diplomatar