RS 46 «Thomas Fearnley» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1938. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør . Ho var den niande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassa som vart bygd for Redningsselskapet. Ho er oppkalla etter skipsreiar Thomas Fearnley.

I 1967 vart ho teken ut or teneste og seld. Medan ho tenestegjorde som redningsskøyte berga ho 109 personar frå «ein sikker daude», 7 fartøy vart berga frå totalforlis. Det var gitt assistanse til totalt 621 fartøy.

«Thomas Fearnley» er no (2011) i privat eige og høyrer heime i Midsund i Romsdal.

Denne artikkelen bygger på «RS «Thomas Fearnley»» frå , den 8. november 2011.

Thomas Fearnley Kategori:Skip frå 1938