Muir of Ord (skotsk-gælisk Am Blàr Dubh) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2 700 innbyggjarar. Landsbyen ligg på vestsida av halvøya Black Isle på den skotske nordaustkysten, inst i Moray Firth. Han ligg ikkje langt frå botnen av fjordarmen Beauly Firth, mellom landsbyane Beauly og Conon Bridge. Han er om lag ti kilometer sør for byen Dingwall og 20 km vest for Inverness.
Den årlege landsbruksmessa Black Isle Show finn stad i Muir of Ord. Whiskydestilleriet Glen of Ord ligg i landsbyen, og er ope for publikum for omvisingar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muir of Ord» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland