Sturle Holseter () er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Vikersund Idrettslag. Han vann NM-bronse i normalbakken 1997, same sesongen kom han på andreplass i eit verdscuprenn i Sapporo.
Aktiv Holseter debuterte i verdscupen 17. mars 1990, berre 14 år gammal, med sisteplass av 76 deltakarar på Raufoss. Så gjekk det fem år før tenåringen utmerka seg i hoppbakken. Gjennombrotet kom tidleg i 1996-sesongen, då han kom på sjetteplass i eit verdscuprenn på Lillehammer. Hans beste plassering i verdscupen er 2. plass i normalbakken i Sapporo 18. januar 1997, fem poeng bak vinnaren Adam Malysz og likt med Mika Laitinen. Same sesongen kom han på bronseplassen under noregsmeisterskapen i normal bakke i Mo i Rana i 1997. Holseter vart sidan nummer 15 i normalbakken i Trondheim under Ski-VM 1997. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen er 22. plass, også det i 1997-sesongen.
Han vart noregsmeister for lag med Buskerud i 1996, og tok bronse i 1997. Siste rennet hans i verdscupen var på Lillehammer 29. november 1998.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1995/96: Nr 6 på Lillehammer 1997: Nr 15 i VM i Trondheim. Nr 2 i Sapporo 1998: Nr 14 i Zakopane og Lahti
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1995: Nr 11 i normalbakken i Rælingen 1996: Nr 9 i storbakken i Meldal 1997: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana 1998: Nr 7 i storbakken i Meldal
Han la opp 20. august 2000.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar