Anders Nicolai Kiær () var ein norsk statistikar. Han var direktør ved det statistiske Centralbyraa 1876–1913.
Kiær vart cand. jur. i 1860, og vart året etter tilsett ved Indredepartementet sitt statistiske kontor (tabellkontoret). Han vart sjefen til kontoret i 1867. Då det vart utskilt som eit eige institutt, det statistiske centralbyraa, vart han den første direktøren her, og sat i stillinga heilt til 1913.
Kiær var den første sjefen i det statistiske sentralbyrået, og under leiinga hans voks statistikken om Noreg til å omfatte alle sider av det økonomiske og sosiale livet i staten. I dette arbeidet samarbeidde han i mange år med Jacob Mohn.
Kiær var òg interessert i internasjonalt statistisk arbeid, og deltok på ei rekkje internasjonale statistikarmøte. På oppfordring av den internasjonale kongressen i Haag i 1869 skreiv han eit verk om internasjonal skipsfart. I 1885 deltok han i stiftinga av Institut international de Statistique, og tok initiativ til møtet mellom sjefane for dei skandinaviske landa sine statistiske byrå i 1889, som førte til eit omfattande samarbeid mellom desse.
I Noreg deltok han i skipinga av Den statsøkonomiske forening i 1883, og redigerte tidsskrifta til samskipnaden Statsøkonomisk Tidsskrift i ei årrekkje. Han deltok òg i skipinga av Foreningen til søndagens rette brug og av Christiania forening til fremme af sædelighed. Han skreiv ei rekkje verk med statistisk innhald, og bidrog med bindet om Smaalenenes amt i serien Norges land og folk.
Verk Dødeligheden i de første leveaar (1872) Statistique internationale. Navigation maritime (1876–92) Om seddelbanker (1877) International skibsfartsstatistik (1887) Smaalenenes amt Bind 1 i serien: Norges land og folk (1885) Livs- og dødstabeller for det norske folk (1888) Den representative undersøgelsesmetode (1897)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anders Nicolai Kiær» frå , den 28. oktober 2011. oppgav desse kjeldene: Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave, bind XIV, s. 29–30. København: J. H. Schultz, 1923. Fakta og fortolkning av statistikkens historie , SSB
Bakgrunnsstoff
Nekrolog i Nationaløkonomisk Tidsskrift (1919)
Kategori:Norske statistikarar Kategori:Folk frå Drammen