Inveraray er ein by i regionen Argyll and Bute i Skottland. Han har kring 560 innbyggjarar. Byen ligg nesten inst i Loch Fyne på vestkysten av Skottland. Inveraray vart bygt på midten av 1700-talet av den tredje Hertugen av Argyll, overhovudet i den mektige Campbell-klanen. Heimen til Campbell-hertugane av Argyll, Inveraray Castle, ligg rett utanfor byen. Den største attraksjonen i tillegg til slottet er det no nedlagde fengselet midt i byen.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inveraray» frå , den 27. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Argyll and Bute