Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.
Klassifisering I lag med maltesisk dannar arabisk den sørlege greina av dei sentrale semittiske språka. Dei andre nolevande språka i gruppa av sentrale semittiske språk er arameisk og hebraisk.
Geografisk område Arabisk språk blir snakka som daglegspråk i heile den arabiske verda og som liturgisk språk i alle muslimske land.
Offisiell status Liste over språk, region eller kommunar der språket har offisiell status.
Dialektar Termen arabisk viser som regel til klassisk arabisk (språket i Koranen). I ulike arabiske land snakkar folk arabisk på ulik måte, hadde det ikkje vore for samlinga rundt eit felles skriftspråk (skrive med det arabiske alfabetet) ville vi ha rekna dei ulike arabiske talarane som talarar av ulike språk.
Avleidde språk Maltesisk var i utgangspunktet ein arabisk dialekt men skil seg no frå arabisk på mange felt, både innanfor fonologi, morfologi og ordforråd.
Lydsystem
Vokalar Klassisk arabisk har tre vokalar, a, i, u. Kvar av desse kan vera kort eller lang. I moderne arabiske dialektar finn ein òg vokalane e (oftast som variant av i eller a) og o (oftast som variant av u eller a).
Konsonantar + Arabiske konsonantfonem Bilabial Inter-dental Dental Emfatiskdental (Alveo-)Palatal Velar Uvular Faryn-gal Glottal Plosivar Ustemte t k q Stemte b d ¹ Frikativar Ustemte f s x h Stemte ð z Nasalar m n Lateralar l² Rhotisk (trill) r Halvvokalar w j
Tabellen nyttar symbol frå det internasjonale fonetiske alfabetet.
Fonologi Arabisk er kjend for det høge talet på bakre konsonantfonem.
Grammatikk Det arabiske språket byggjer på eit rotsystem, som så ofte når det kjem til semittiske språk. Kvart ord har ei grunnleggjande rot på (som oftast) tre konsonantar. Til dømes verbet kataba, som tyder 'å skrive' (bokstavleg 'han skreiv'), består av konsonantane k, t og b. Dei same rotkonsonantane kan ein finne i ordet maktbab ('eit kontor' eller 'ein pult'). Då kan ein sjå at rota k-t-b famnar om eit spesielt emne, nemleg skriveaktiviteten.
Låneord byggjer som oftast ikkje på noko rot, men vert transkribert direkte til arabisk skrift.
Verb Verb på arabisk kan delast inn i to hovudformer: perfekt og imperfekt. Perfekt vert i hovudsak nytta for fortid, medan imperfekt vert nytta for notid og framtid. Likevel er det mange unntak frå denne regelen.
Perfekt og imperfekt kan vidare delast inn i to underformer: aktiv og passiv. Generelt så kan ein seie at aktiv-forma er der utøvaren av handlinga er aktivt med på det. Medan i passiv-forma så vert noko gjort. Til dømes:
kataba (perfekt, aktiv) tyder 'han skreiv'. kutiba (perfekt, passiv) tyder 'det vart skrive'. yaktubu (imperfekt, aktiv) tyder 'han skriv'. yuktabu (imperfekt, passiv) tyder 'det vert skrive'.
Kasus Arabisk har tre aktive kasus: Nominativ, akkusativ og genitiv.
Ordforråd
Skriftsystem Arabisk blir tradisjonelt skrive med ulike skriftsystem i ulike kulturar. I den muslimske fleirtalskulturen i det arabiske språkområdet brukar ein så og seie utelukkande det arabiske alfabetet. I sefardisk og mizrahisk jødisk kultur vart arabisk derimot oftast vorte skrive med det hebraiske alfabetet heilt fram til vår tid. Språkforma i dei jødiske tekstane er òg kjend som judeoarabisk eller jødearabisk. I vestleg kultur, ved chatting og SMS-kommunikasjon, kan arabisk bli skrive ved hjelp av tal og latinske bokstavar; ei engelskpåvirka skriveform som går under slangnamnet aralish eller arabish.
Døme
Norsk Arabisk Romanisering (ALA-LC) IPAja نَعَمْ naʿam}} nei لا lā hei مَرْحَباً marḥaban velkomen أَهْلاً ahlan adjø مَعَ السَّلامَةِ maʿa as-salāmah takk شُكْرًا shukran orsak عَفْوًا ʿafwan eg snakkar ikkje arabisk لا أَتَكَلَّمُ الْعَرَبيَّةَ lā atakallamu al-ʿarabīyah eg veit ikkje لا أَعْرِفُ lā aʿrif eg er svolten أنا جائِعٌ anā jāʾiʿun ein واحِد wāḥid to إِثْنان ithnān tre ثَلاثَة thalāthah fire أَرْبَعَة arbaʿah fem خَمْسَة khamsah seks سِتَّة sittah sju سَبْعَة saba'ah åtte ثَمانِيَّة thamaniah ni تِسْعَة tis'aah ti عَشَرَة asharah elleve إِحدَى عَشَر eḥda ashar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Semittiske språk Kategori:Midtausten Kategori:Einskildspråk
Kategori:Språk i Algerie Kategori:Språk i Bahrain Kategori:Språk i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Språk i Djibouti Kategori:Språk i Egypt Kategori:Språk i Eritrea Kategori:Språk i Irak Kategori:Språk i Israel Kategori:Språk i Jemen Kategori:Språk i Jordan Kategori:Språk på Komorane Kategori:Språk i Kuwait Kategori:Språk i Libanon Kategori:Språk i Libya Kategori:Språk i Marokko Kategori:Språk i Oman Kategori:Språk i Palestina Kategori:Språk i Qatar Kategori:Språk i Saudi-Arabia Kategori:Språk i Somalia Kategori:Språk i Sudan Kategori:Språk i Syria Kategori:Språk i Tanzania Kategori:Språk i Tsjad Kategori:Språk i Tunisia Kategori:Språk i Vest-Sahara