Muscle of Love er det sjuande studioalbumet av Alice Cooper, gjeven ut i 1973. Det er det siste studioalbumet spelt inn av det originale Alice Cooper-bandet og er eit konseptalbum om tenåringsangst, livet på gatene i New York City og underforstått mannleg prostitusjon.
I staden for den vanlege innpakninga, kom den originale LP-en i ei tynn bølgjepapp-innpakning med ein «flekk» trykt langs botnen.
I følgje Alice Cooper var songen «Man with the Golden Gun» meint som tittelsongen for James Bond-filmen med same namn. Målet var å nytte populariteten til songen til å tvinge produsentane av filmen til å nytte songen. Trikset fungerte derimot ikkje. «Teenage Lament '74» har med Liza Minnelli på korvokal.
Songen «Muscle of Love» vart spelt inn av Fireball Ministry i 2001.
Innhald
Medverkande Alice Cooper – vokal Glen Buxton – sologitar Michael Bruce – rytmegitar Dennis Dunaway – bassgitar Neal Smith – trommer Mick Mashbir – gitar Steve "Deacon" Hunter – gitar Dick Wagner – gitar Bob Dolin – klaverinstrument
Lister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1973Pop Albums10
Singlar - Billboard (Nord-Amerika) ÅrSingelListePlassering1973«Teenage Lament '74»Pop Singles481974«Muscle of Love»Pop Singles-
Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Jack Douglas Kategori:Album produserte av Jack Richardson Kategori:Konseptalbum