Ole Solbakken () var ein norsk biletkunstnar.

Ole Solbakken var fødd på Stranda, og budde og virka både i Oslo, Bærum og Stranda. Solbakken fekk stipend frå Statens Opplæringsfond i 1934 og blei teken opp på Statens Håndverks- og kunstindustriskole same år. Elev og assistent under Per Krohg 1935-1950 og Axel Revold. Restaureringsarbeider og konservator i Oslo kommune 1944-1979. Lærar i freskoteknikk på Statens kunstakademi, Oslo 1950-1965.

Ole Solbakken var ein av kunstnarane som utsmykka dei store freskomaleria i Oslo rådhus og assisterte Krogh m.a. på fresken Byens og dens oppland. Andre eksempel på Solbakkens utsmykkingsarbeider er partiet over inngangsdøra på kapellet på Vår Frelsers gravlund i Oslo som blei dekorert av Ole Solbakken i 1969. Han har også utsmykka offentlege bygg i Stordal, Stranda og Ørskog på Sunnmøre. Solbakken måla også landskapsåleri og portrett i olje og gouache.

Referansar Gjerde, Asbjørn. Kustnaren Ole Solbakken. Stranda Sogelag, 2011. ISBN 978-82-92055-38-0

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Stranda