Uster er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg kringom vatnet Greifensee. Distriktet Uster hadde 120 589 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 112 km². Bykommunen Uster, som er den mest folkerike kommunen i distriktet, er hovudstad.
Distriktet omfattar ti kommunar. Dei er Dübendorf, Egg, Fällanden, Greifensee, Maur, Mönchaltorf, Schwerzenbach, Uster, Volketswil og Wangen-Brüttisellen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uster (Bezirk)» frå , den 5. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Uster