Gunnar Johannes Viken () er ein gardbrukar og politikar frå Høgre. Han var fylkesordførar i Nord-Trøndelag fylke frå 2007 til 2015. Han har òg vore medlem av Mosvik kommunestyre og formannskap.
Viken var Høgres gruppeleiar i Nord-Trøndelag fylkesting 2003–2007, og var Høgres 3. kandidat til Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005. Han var Nord-Trøndelag Høgres fyrstekandidat ved fylkestingsvalet 2007. Partiet fekk tre representantar i fylkestinget, og Viken vart einstemmig vald til ny fylkesordførar etter at Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre slutta ein samarbeidsavtale med felles plattform.
Viken er i tillegg medlem av Nord-Trøndelag Høgres arbeidsutval. Han har tidlegare vore medlem av fylkeslandbruksstyret, derav tolv år som leiar. Han har også vore leiar av Verran Sparebanks forstanderskap, leiar av Mosvik Bondelag og leiar av eldreutvalet til Nasjonalforeningen for folkehelsen i Nord-Trøndelag.
Viken har utdanning frå Statens trafikklærerskole, og han dreiv Levanger trafikkskole 1976–1982. Frå 1982 er han gardbrukar med mjølkekyr og skogsdrift i Mosvik. Han har elles politisk grunnopplæring, Høyres lederskole I og II, og 1. kandidatskolering i samband med stortingsval og fylkestingsval.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gunnar Viken» frå , den 1. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Gunnar Viken hos Nord-Trøndelag fylkeskommune Gunnar Viken hos Nord-Trøndelag Høgre
Kategori:Fylkesordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Inderøy Kategori:Høgrepolitikarar i Nord-Trøndelag Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Inderøy