Sound + Vision er den første plateboksen til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve på Rykodisc i 1989. Mot slutten av 1980-åra fekk Bowie og det tidlegare forlaget hans MainMan kontroll over katalogen sin frå tida før 1983 (opphavleg gjeven ut på Phillips/Mercury Records og RCA Records). Rykodisc hadde kontakta Bowie i 1988 for å gje ut albuma hans på CD og Bowie gjekk med på dette. I september 1989 kom plateboksen ut. Innan april 1990 hadde plateboksen selt over 200 000 eksemplar, for ei samling som kosta 50-60 amerikanske dollar, noko som vart rekna som «fenomenalt».«Bowie, Rebel in Repose» by Edna Gundersen, USA Today, 27. april 1990, Section D pp 1 & 2

Innhald Sound + Vision vart opphavleg planlagt i januar 1988 som eit tilbakeskuande samling, liknande Bob Dylan sitt Biograph og Eric Clapton sitt Crossroads, og dette lanserte den komande kampanjen til Rykodisc om å gje ut alle albuma til Bowie frå 1969 til 1980 på ny. Boksen var hovudsakleg basert på setlista til Serious Moonlight-turneen, og inneheld få av dei største hittane til Bowie i den originale forma si, og fokuserte heller på demoar, konsertopptak og til og med ein tysk vokalversjon av «"Heroes"» («Helden»). Desse «sjeldne» originale inkluderte singelversjonen av «Wild Eyed Boy from Freecloud» og «Rebel Rebel», og dei ikkje tidlegare utgjevne studioopptaka «London Bye Ta-Ta», «1984/Dodo», «After Today» og «It's Hard to Be a Saint in the City» — som alle var eksklusive for denne boksen.

Prisar Samlinga vann Grammyprisen i 1990 for beste albuminnpakning.Louie, Elaine. «Style Makers; Roger Gorman, Album Designer», The New York Times, New York, 1. april 1990. Henta on 12. oktober 2015. Rolling Stone sa at plateboksen «stod over resten [av plateboksane frå 1989]]» og kalla utgjevinga ein «lovande bodbringar» for dei komande nyutgjevingane av katalogen til Bowie på Rykodisc,«CD News» by Pete Howard, Rolling Stone, 14–28. desember 1989, page 216 som Bowie marknadsførte med ein verdsturné.«Watch that Man» by Tina Clarke, Music Express, 1990. mars page 9

Utgåver Det finst to hovudutgåver av boksen, kvar med sine originale vversjonar og ein nyutgjeven versjon:

Den originale Rykodisc-utgåva frå 1989, kom i ein LP-forma boks designa av Roger Gorman med fotografi av Greg Gorman, og kom anten på LP, lydkassett eller CD, som seks LP-ar, tre kassettar eller tre CD-ar og ein CD-Video (ein Laserdisc-aktig plate som gjekk ut i 1991). Sistnemnde inneheld tre konsertopptak som lydspor og musikkvideoen til «Ashes to Ashes». Det var òg ei nummerert avgrensa utgåve som det fanst 350 av i ein solid trekasse i bøk med eit sertifikat personleg signert av Bowie. Innhald frå denne utgåva inkluderte materiale frå katalogen til Bowie opp til 1980 (inkludert fleire konsertopptak frå 1970-åra). Ei andre Rykodisc-utgåve kom ut i 1994 på CD og erstatta CD-Video-plata med ein vanleg CD-ROM. Ei ny utgåve frå 1995 kom heilt utan videoplata og vart pakka inn i ein mindre etui. Innhaldet på desse utgåvene var elles identiske til originalen. Ei ny utgåve av albumet kom ut på Virgin/EMI i 2003, og inneheld Bowie-materiale frå 1982 til 1993 (i tillegg til konsertopptak frå 1983 og 1997), og erstatta somme av spora frå den originale med alternative versjonar. Denne utgåva inneheld fleire songar på kvar CD enn originalutgåva, og kom ikkje med CD-Video/CD-ROM-plata frå originalen. Utgåva kom ut på ny på CD, i eit mindre etui, på Rhino i 2014.

Innhald Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

1989-utgåva

2003-utgåva (CD: EMI / 5945112) Alle songar skrivne av David Bowie, bortset frå der andre er nemnde. Songane som er forskjellige frå den originale Sound + Vision-boksen eller nye for denne boksen er merka med *.

Salslister Album ÅrListePlassering1989201420142016Den australske albumlista7220162016

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USGull7. november 1995

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sound + Vision (box)» frå , den 11. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Album produserte av Ken Scott Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Album produserte av Hugh Padgham Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 1989 Kategori:EMI Records-album Kategori:Rykodisc-album Kategori:Virgin Records-album