Thomas Vinterberg () er ein dansk filmregissør og manuskriptforfattar, fødd i København.
Thomas Vinterberg er vidgjeten for at han, saman med den danske regissøren Lars von Trier, i 1995 tok initiativet til skipinga av eit dansk kollektiv av filmregissørar som kalla seg Dogme95, som skulle stå fram som ei motkraft til kommersialiseringa av spelefilmen og den store interessa for spektakulære effektar i filmane som fylgde med kommersialiseringa. Dogme95 og dei såkalla dogmefilmane som kollektivet tok til orde for å skape, skulle setje soga og skodespelet i framgrunnen i filmen, i motsetnad til sjølve mediet. Dette vart av Lars von Trier og Thomas Vinterberg formulert slik at filmregissørar skulle gje ti lovnader om å syne spesifisert «kysk framferd» i måten filmane vart produsert på.
Thomas Vinterberg var i 1998 ferdig med den fyrste av dogmefilmane, Festen, som han fekk stor nasjonal og internasjonal åtgaum for. Filmen vart synt på filmfestivalen i Cannes og er tatt opp i den danske Kulturkanonen.Om Festen hos Kulturkanonen
Thomas Vinterberg var 16 år då han søkte Københavns Filmværksted om å få lage ein kinofilm, og det vart gjort ei avtale om ein 45 minutt lang film som fekk namnet Sneblind. Men ei rad uheldige omstende gjorde at det tok fire år før Vinterberg fekk Sneblind ferdig. Denne filmen spelte ei avgjerande rolle for at Thomas Vinterberg i 1989 kunne søkje og kome inn på Den Danske Filmskole i København som den yngste av alle elevar skulen har hatt.
I 2010 vart Vinterberg tildelt Nordisk Råds filmpris for Submarino, og i 2013 fekk han prisen for Jagten.«Nordisk råds filmpris til Submarino», Aftenposten 20. oktober 2010Nordisk råds filmpris til Thomas Vinterberg frå Aftenposten, 30. oktober 2013
Vinterberg fekk Ordre des Arts et des Lettres i 2016.
Filmar og videoar Sneblind, 1990 Brudevalsen, 1991 Slaget på tasken, 1993 Sidste omgang, 1993 Drengen der gik baglæns, 1994 De største helte, 1996 Festen, 1998 No Distance Left to Run, 1999 (musikkvideo for Blur) D-dag – Den færdige film, 2001 It's all about love, 2003 Dear Wendy, 2005 En mand kommer hjem, 2007 The Day That Never Comes, 2008 (musikkvideo for Metallica) Submarino, 2010 Jagten, 2012 Far from the Madding Crowd, 2015 Kollektivet, 2016 Kursk, 2018 Druk, 2020
Referansar
Kategori:Danske regissørar Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Vinnarar av Nordisk råds filmpris Kategori:Ordre des Arts et des Lettres Kategori:Folk frå København