Jean-Pierre Serre () er ein fransk matematikar innanfor felta algebraisk geometri, talteori og topologi. Serre er rekna som ein markant moderne matematikar, og har gjort banebrytande arbeid innanfor dei nemnde felta i tillegg til gruppeteori og analytisk algebra.

Serre var professor ved Collège de France i Paris i perioden 1956 til 1994, og har sidan vore æresprofessor ved same universitet. Serre har vorte tildelt ei rekkje prisar for arbeidet sitt innanfor matematikk, blant anna Fieldsmedaljen i 1954. I 1980 vart han æresdoktor ved Stockholms universitet. Serre har sidan 1981 òg vore eit medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Prisar og utmerkingar I tillegg til Fieldsmedaljen har Serre blant anna vorte tildelt: Prix Gaston Julia (1970) Balzanprisen (1985) Leroy P. Steele-prisen (1995) Wolfprisen (2000) Abelprisen (2003)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jean-Pierre Serre» frå , den 16. september 2011.

Bakgrunnsstoff Jean-Pierre Serre i Store Norske Leksikon

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Abelprisen Kategori:Wolfprisen i matematikk Kategori:Talteoretikarar Kategori:Algebraistar Kategori:Topologar Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet