Julie Elisabeth Backer () var ein norsk demograf og statistikar. Ho var ein av pionerane innanfor demografisk statistikk i Noreg, og vert i dag særleg hugsa for dei historiske undersøkingane sine om dødelegheit.

Ho tok doktorgraden i 1938 og var byråsjef for Statistisk sentralbyrå frå 1936 til 1956 og seinare konsulent i forskingsavdelinga same stad. Ho gjorde fleire ekspertoppdrag for internasjonale organisasjonar og skreiv mange avhandlingar, særleg om folketalsstatistiske og medisinsk-statistiske emne.

Julie Backer vart vald inn i det internasjonale statistiske institutt i 1948 og var medlem av den internasjonale union for vitskaplege folkestudiar. Ho var òg medlem av ekspertkommisjonen til Verdas helseorganisasjon for statistisk klassifikasjon av medisinske diagnosar.

Kjelder

Kategori:Norske statistikarar Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo