DR Byen er hovudkvarteret til DR i Ørestaden på Amager i København i Danmark. Her vart alle aktivitetane til DR i København samla i 2006 og 2007. Alle medarbeidarane til DR flytta til DR Byen frå Radiohuset på Frederiksberg og TV-Byen i Søborg. DR Byen er eit av dei mest avanserte multimediahusa i verda.

DR Byen består av i alt fire delar:

Del 1: Mellom anna DR Produktion Del 2: Mellom anna DR Nyheder Del 3: Mellom anna P4 København (Københavns Radio) og administrasjonen. Del 4: DR Koncerthuset husar også mellom anna DR Rytmisk.

Dei fyrste sendingane frå DR Byen starta i februar 2006. Den fyrste direktesendinga var underhaldningsprogrammet Showtime. Sidan byrja Debatten og Clement Direkte på DR2 å sende direkte frå dei nye lokala i Ørestaden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «DR Byen» frå , den 4. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggverk i København Kategori:DR