mini|Vegen Loo følgjer (oransje piler) frå opphavet i ørkenen og over Det nordindiske låglandet i India og Pakistan. Loo (hindi: लू, urdu: لو, punjabi: ਲੂ) er ein kraftig, tørr og varm vind som opptrer på ettermiddagen om sommaren over den vestlege delen av Det nordindiske låglandet i Nord-India og Pakistan. Han vert særleg kraftig i mai og juni, og på grunn av dei særs høge temperaturane han medfører (45 °C–50 °C), kan dette stundom føre til dødelege heiteslag.
Opphav og avslutting Loo-vinden oppstår hovudsakleg i dei store ørkenområda nordvest på det indiske subkontinentet: Thar, Cholistan og ørkenområdet i sørlege Balutsjistan.
Vinden tek slutt på seinsommaren, då han blir avløyst av monsunen. I nokre delar av Nord-India og Pakistan kan ein ha korte, men valdsame støvstomar kjende som Kali Andhi ('svart storm') før monsunen tek til.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loo (wind)» frå , den 3. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Vindar Kategori:Klima i Pakistan Kategori:Klima i India