John Aitken () var ein skotsk fysikar og meteorolog.

Han er mest kjend for dei grunnleggande arbeida sine om kondensasjonskjerner (aitkenkjerner) og danninga av skyer og tåkedis. Han arbeidde òg med teoriar for kor viktig fotokjemiske prosessar var for danninga av dis i sterkt forureina industristrøk.

Aitkenkjerner, som er kalla opp etter han, er dei minste atmosfæriske aerosolane, dei som har ein radius mindre enn 0,1 mikrometer.

Kjelder

Kategori:Skotske meteorologar Kategori:Skotske fysikarar Kategori:Skotske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Falkirk