Köniz er ein kommune i Bern-Mittelland i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 572 meter over havet. Byen er den 15. største i Sveits. Trass i det høge talet på innbyggarar har kommunen meir preg av landsby enn by. Kommunen har elles namn etter den største landsbyen, Köniz, med i knappe 7 000 innbyggarar.

Kommunen ligg i storbyområdet kring Bern, eit par-tre kilometer sørvest for bysentrum i Bern. Han strekkjer seg frå Aare i nordaust Schwarzwasser og Sense i søraust. Han består av landsbyane Köniz og Wabern i sentrum, hagebyen Liebefeld am Könizberg og Spiegel am Gurten samt fleire andre busetnader, som Niederwangen, Oberwangen og Thörishaus i Wangendalen samt Schliern, Schwanden, Niederscherli og Oberscherli, Mittelhäusern og Gasel.

Köniz har mange arbeidsplassar. Bedrifter som Berner Kantonalbank og Swisscom har mange tilsette i landsbyen Liebefeld. Både Sveits sitt veterinærdirektorat og helsedirektorat har sine hovudkontor i kommunen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Köniz» frå , den 1. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Bern