Bondeforvandling er eit uttrykk i sjakk for forvandlinga av ein bonde som når den siste rada på motsett side av sjakkbrettet – for kvite bønder den åttande rada på sjakkbrettet, for svarte bønder den første rada – til ei dronning, ein springar, ein løpar eller eit tårn av same farge, etter spelaren sitt frie val. Forvandling til konge er ikkje mogleg. Det er heller ikkje mogleg å la bonden bli verande bonde på sisterada, den blir etter sjakkreglane straks ein av desse fire offiserane. Det er heller ikkje lov å forvandle til ei brikke av motsett farge.
Sidan dronninga er den klart sterkaste brikka på sjakkbrettet, skjer over 99 % av forvandlingar i praksis til dronning. Somme gongar kan det likevel vere best å velje ei anna brikke, for eksempel for å unngå at motstandaren blir sett patt, eller ein vel springar for å få til eit dobbeltangrep med springaren, gjerne kalla ein gaffel.
Forvandlinga er uavhengig av kva for nokre brikker motstandaren har teke. Det er mogleg å spele med to eller fleire dronningar, eller med fleire enn vanleg av dei andre offiserane. Viss ei ekstra dronning ikkje er tilgjengeleg, er det vanleg å la eit tårn som står opp ned, gjere same nytta. I turneringssjakk er dette likevel ikkje lovleg. Etter Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for sjakkturneringar har ein spelar som har fått sett bonden på forvandlingsfeltet, rett til å stoppe klokka, til ein offiser av ønskt slag er tilgjengeleg for å fullføre trekket.
Fotnotar
Kategori:Sjakk