Mediafarm A/S er eit Stavanger-basert selskap som utviklar interaktive lærings- og museumsløysingar. Det har spesialisert seg på installasjonar innan besøks- og vitensenter. Konsepta bryt med tradisjonell utstillings- og museumstankegang. I installasjonane inngår gjerne interaktive rollespel der dei besøkjande går inn som ein aktiv deltakar i aktuelle tema.

Gjennom å skapa rom for oppleving og læring har selskapa tidlegare vunne store kontraktar som ”Minitinget” på Stortinget sitt besøks- og læringssenter, «Unionsoppløysninga» til Utanriksdepartementet si 100-årsmarkering og «Deadline» ved Stavanger Aftenblad sitt besøkssenter.

I 2011 leverte Media Farm eit rollespel til besøkssenteret i Europaparlamentet. Dette skulle vera for besøkjande frå alle EU-landa, og vart såleis laga på 23 språk. Besøkssenteret i Brussel er på heile 5000 kvadratmeter.

I samarbeid med Arkidea blei Mediafarm valt ut til å utvikla utstillinga til Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Til dette utvikla verksemda eit rollespel om ein framtidig konflikt mellom språka norsk og engelsk.

Dagleg leiar er Trond Ole Paulsen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Skipingar i 1996 Kategori:Næringsliv i Rogaland Kategori:Norske medieføretak