«Til ungdommen» (med opningsorda «Kringsatt av fiender») er eit dikt av Nordahl Grieg. Diktet vart skrive i 1936 på oppmoding frå Trond Hegna, som ville ha eit dikt med patos og appell til opninga av Studentersamfundet i 1936, i lys av åtaket Franco hadde gjort på den lovlege regjeringa i Spania.Leiar i Rogalands Avis 16.8.2011
Grieg skal ha skrive diktet under eit opphald i ei uthamn i Ny-Hellesund i Søgne. Diktet har 14 vers (strofar), kvart på fire korte liner. Otto Mortensen sette tone til diktet seksten år seinare, i 1952. Melodien er skriven slik at eitt vers av songen har åtte liner, og altså omfattar to vers av diktet. I nyare tid er det gjort ei rad innspelingar av Til ungdommen. Kim Larsen gjorde i 1979 songen til ein populær slager i Danmark.
Som allsong er Til ungdommen nytta av mange ulike organisasjonar. Då vert ofte vers 7 og 8 sløyfa. Songen er ofte brukt ved Humanistisk konfirmasjon (tidlegare kalla borgarleg konfirmasjon) i Noreg, og han er sungen 1. og 17. mai. Eit utval vers av songen (vers 1-6, 9-10 og 13-14) er med som nr. 761 i Den katolske salmeboka Lov Herren. Dei same versa av songen vart i 2008 med i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja. Songen vart mykje bruka ved minnemarkeringane etter terroråtaka 22. juli 2011.Terror kan endre kirkens salmebok Vårt Land 11. august 2011
Forfattaren Edvard Hoem gav i 1989 ut ein biografi om Nordal Grieg med tittelen Til ungdommen : Nordahl Griegs liv.
Referansar
Kategori:Nordahl Grieg Kategori:Norske dikt Kategori:Kultur i 1936 Kategori:1936 i Noreg