Erik Andersen () var ein dansk sjakkmeister fødd i Gentofte.

Andersen vann den danske meisterskapen i sjakk tolv gonger (1923, 1925, 1926, 1927, 1929, 1930, 1931, 1932, 1933, 1934, 1935 og 1936). Han blei nordisk meister i sjakk i Stockholm i 1930, forsvarte tittelen med 3 : 3 mot Gideon Ståhlberg i 1934, og tapte den med 2,5 : 3,5 mot Erik Lundin i 1937.

Han gjorde det også svært godt i internasjonale sjakkturneringar i den same tida. Andersen spelte 6 gongar for Danmark i offisielle sjakkolympiadar og i den uoffisielle sjakkolympiaden i München i 1936. Han døydde i København i 1938.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nokre av Erik Andersen sine sjakkparti hos chessgames.com

Kategori:Danske sjakkspelarar Kategori:Nordiske meistrar i sjakk Kategori:Folk frå Gentofte