Bellinzona (fransk Bellinzone, tysk Bellenz) er den administrative hovudstaden i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 238 meter over havet.

Byen er kjend for dei tre borger (Castelgrande, Montebello, Sasso Corbaro) som er innskrivne på verdsarvlista til UNESCO.

Bellinzona ligg ved elva Ticino der Val Mesolcina munner ut i Ticinodalen. Byen ligg då i skjeringspunktet for vegane over fleire store fjellpass mot nord: St. Gotthard-, Lucomagno-, Nufenen- og San Bernardino-passet.

Milano kontrollerte området gjennom det meste av mellomalderen. Bellinzona vart knytt til Ticino i året 1500. I og rundt Bellinzona ligg ei rekke festningsanlegg som speglar plassen sin nøkkelposisjon for fleire fjellovergangar. Anlegga har røter tilbake til mellomalderen og dels heilt til romertida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bellinzona» frå , den 16. august 2011.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Rabadan-karnevalet Unesco

Kategori:Kommunar i Ticino Kategori:Byar i Sveits Kategori:Verdsarv i Sveits Kategori:Stader ved Ticino